Julie

Seconde Bac Pro Cuisine

Lycée des Métiers de l’Hôtellerie Raymond Mondon

Metz

 

– Kvifor valte du å ta VGS i Frankrike?

 

Eg valte å reise til Frankrike på grunn av min interesse for den franske kulturen og deira levemåtar. Eg ønska større utfordringar enn det eg kunne få i Noreg og på same tid lære eit nytt språk.
 
– Kva er det med Frankrike som gjer at du trivest?
 
Vertsfamilien min er nok den største grunnen til at eg trivest her. Dei hjelper meg på alle måtar dei kan. Også har eg vore så heldig og fått ein fin og roleg by, med andre norske elevar som hjelper meg mykje.
 
– Kva har du fått ut av denne moglegheita så langt? Har du lært noko nytt eller opplevd noko gøy?
 

Eg har blitt kjent med mange personar med ulik alder og interesser. Eg har fått sett forskjellige plassar i Metz som ein ellers ikkje får sett i Noreg. Eg lærar sakte men sikkert også språket.