Kategorier
Universiteter

Webinar om norsk-fransk samarbeid innan utvalde profesjonsutdanningar

Tidspunkt: 18. januar 2024 kl. 09.00- 16.00

Tidspunkt: 18. januar 2024 kl. 09.00- 16.00

Stad: • Digitalt // Gratis webinar på engelsk

Jobbar du med sjukepleie- eller ingeniørutdanninga og ønsker å utvikle samarbeid med Frankrike? I dette webinaret får du informasjon om kva moglegheiter som finst, og kan opprette kontaktar for framtidig samarbeid.

Frankrike er eit av Noregs prioriterte samarbeidsland innan forsking og utdanning. Samarbeid og mobilitet mellom Noreg og Frankrike er godt på fleire område, men det er eit mål å auke samarbeidet og studentmobilitet mellom dei to landa, også for profesjonsutdanningane. For fleire av desse utdanningane er det vanskeleg å finne rom for utveksling i tronge studieplanar. I tillegg er språk ei utfordring. Vi ønsker derfor å sette fokus på kva moglegheiter som finst innan sjukepleie- og ingeniørstudia (3-årige) i dei to landa.

Vi vil gje generell informasjon om utdanningssystema i Noreg og Frankrike og syne fram nokre av verktøya som finst. Vidare vil vi invitere til dialogbaserte sesjonar der norske og franske fagmiljø deler erfaringar om mobilitet og internasjonalt samarbeid innan sjukepleiar- og ingeniørutdanninga. Det vil bli to separate sesjonar – ei for kvar utdanning. Se det detaljerte programmet for dette fransk-norske informasjons- og matchmaking-webinaret.

Arrangementet er ope for tilsette ved institusjonar som tilbyr sjukepleie eller 3-årige ingeniørutdanningar, og som ønsker å opprette eller vidareutvikle utdanningssamarbeid med Frankrike – anten som koordinator for internasjonale seksjonar eller som fagansvarleg.

Hvis du ønsker å delta, kan du registrere deg online via følgende lenke: https://live.eventtia.com/fr/webinairenorvege2023

Vi bruker Zoom i første delen av webinaret, og plattforma Eventtia for dei bilaterale møta om ettermiddagen. Via denne plattforma kan de avtale møte med franske institusjonar for ettermiddagssesjonen.

Webinaret er et samarbeid mellom HK-dir, Institut français de Norvège og Campus France.